NAYA homepage

KAFFISELSKAP MED GOD SAMVIT

  • Publisert 29.10.20
  • ~
  • Ane Olivia Uri

Kva om vi alle gjer litt? Då kjem vi langt.

Å invitere vener og kjende til sosiale samankomstar er noko av det kjekkaste eg veit. Då diskar eg gjerne opp med kaffi og kaker til gjestane mine, og kanskje sett eg fram sjokolade eller anna godis i småskåler. Samtalane rundt bordet er gjerne om kvardagslege ting som jobb, skule, og fritidsaktivitetar, men eg vil gjerne utfordre deg til å snakke om meir seriøse emner som rettferdig handel og etisk produksjon. Ein god ice breaker er å servere produkt som er Fairtrade, og ta opp samtalen om kvifor desse, og liknande produkt, er så viktige. Det er sjølvsagt vanskeleg å skulle kjøpe kun produkt som er merka med Fairtrade, men produkt som kaffi, te, kakao og sjokolade er noko av det som kanskje er enklast å oppdrive.

Eg skal ikkje kome her og påstå at eg kun kjøper kaffi som er merka med Fairtrade, men det er noko eg har blitt veldig obs på i det siste, og det er eit område eg ønskjer å skjerpe meg på. Eg har gjort litt research, både for min eigen del og for dykk lesarar, og funne nokre produkt som eg gjerne vil teste ut – kanskje du finn noko interessant òg?

Fairtrade

Dette merket er på produkt der bønder og arbeidarar som produserer råvarene har fått betre handelsbetingelsar, og råvarene har blitt dyrka etter standard for trygge arbeidsforhold og berekraftig jordbruk. 

Eg er ein av dei som drikk kaffi kvar dag, anten det er brygga på presskanne, kaffitrakter eller espressokanne. Eg drikk både varm og kald kaffi, og likar å prøve nye merker og metodar. Her har eg funne nokre kaffialternativ som er Fairtrade-merka.

Om du føretrekkjer å drikke te, kan du finne den klassiske Earl Grey-teen merka med Fairtrade til ein rimeleg pris frå både First Price og Rema1000. Elles har merket Confecta fleire produkt merka med Fairtrade, og Jacobs Utvalgte har ulike tevariantar.


Når eg var på jakt etter Fairtrade-produkt i butikkhyllene fann eg mange produkt som var merka UTZ certified, EU Organic Logo, Debio Økologisk, og Cocoa life. Eg vart nysgjerrig på kva desse ulike organisasjonane stod for, og gjorde dermed litt research. Her har eg skrive kortfatta om dei ulike symbola du finn på produkta dine.

UTZ certified

Produkt som er produsert etter UTZ-standarden følgjer reglar om rettferd og openheit. Det er to sett med retningslinjer – Code of Conduct, som dekkjer dyrking og innhausting, og Chain of Custody, som dekkjer produktreisa frå gardsbruk til butikkhyller.

Debio

Dette er ein norsk organisasjon som gir ein garanti for at varer er produsert på ein berekraftig og økologisk måte. Det mest kjende merket er det grøne Ø-merket, som vi finn på diverse matvarer.

EU/Non-EU agriculture

Dette merket er på organiske produkt som er produsert i EU-land. Desse produkta må innehalde minst 95% organiske ingrediensar, og det er strenge reglar for dei resterande 5% óg. 

Cocoa life

Dette er eit globalt berekraftsprogram frå Mondelēz International, ein samarbeidspartner for fleire internasjonale sjokolademerker. Her i Noreg kan du sjå merket på Freia sine produkt, både sjokoladeplater og kakao, samt Daim og Milka. På Freia sine nettsider har dei skrive: «Programmet har som mål å skape endring innenfor fem hovedområder: moderne dyrkningsmetoder, lokalsamfunn, forbedre levevilkår, ungdom og miljø.»

Fotograf: Annie Spratt


Det som gjenstår no er å handle inn diverse varer merka med desse symbola og invitere vennegjengen på kaffislabberas. Ta samtalen for å dele kunnskapen vidare. Det er vanskeleg å vere «på» heile tida når det kjem til rettferdig handel og etiske produkt, men om vi alle gjer litt? Då kjem vi langt.


Bilde av forfatteren

Ane Olivia Uri

Ane Olivia Uri er ein stolt sunnmøring som er opptatt av rettferd og miljø. Ho er grafisk designer og fotograf, og likar generelt å vere kreativ. Ho er aktiv i lokalsamfunnet, veldig glad i kaffi, og interessert i film og TV. Ane Olivia kjem til å skrive om kreativitet, berekraft og diverse tema ho brenn for.