10 TING DU KANSKJE TRENG Å HØYRE
- Publisert 19.11.20
- ~
- Ane Olivia Uri
Nokre dagar treng ein berre å høyre dei riktige orda. Håper nokre av desse treff deg.
- Du ser fin ut i dag, sjølv om det er tre dagar sidan sist du dusja.
- Det er heilt greitt at du tek ein kviledag med Netflix, potetgull og brus! Det er viktig å sette av tid til deg sjølv… og ho fine skodespelarinna.
- Ja! Kjøp den kjolen på Tise! Du har leita lenge etter liknande, og her er den!
- Bestemor har ikkje høyrt frå deg på fem dagar, men du er ikkje i humør til å snakke i telefonen i dag? Ein dag til skadar ikkje… men ikkje gløym kvinna – du hadde ikkje vore her utan ho!
- Et avokadoen før det er for seint.
- Lenge sidan du har byta på senga di? Set på favorittspelelista og gjer det. Det tek maks 3 songar, 1/5 song om du høyrer på SAS PLUS av Karpe.
- Test ut den oppskrifta som du bokmerka for 4 månader sidan. Men vent til du har ete opp middagsrestane frå i går.
- Hugs å avbestille/kansellér den tingen før du blir trekt for enda ein månad, eller verre – EIT ÅR. Been there, done that!
- Julegavehandel? Du har god tid enno! Og hugs – du kan alltids kjøpe bruksvarer til den som har «alt».
- Dersom du føler deg skikkeleg nedfor, hugs at vi bur i Noreg og at «the American Dream» høyrest ganske oppskrytt ut i 2020.