NAYA homepage

Å BRYTE TRADISJONAR

  • Publisert 15.12.20
  • ~
  • Ane Olivia Uri

Året som har gått har vore annleisåret over alle annleisår, i alle fall for oss som er milleniumsbarn og generasjon Z. Kanskje dette er grunnen til at fleire startar jula tidleg?

Heilt sidan eg var lita har vi sett opp og pynta juletreet på vesle julaftan. Som barn opplever ein ventetida på ein heilt annleis måte – ein ladar opp til ekstasen ved julaftan, julemiddag og julegåver. Hos oss skulle ikkje julebrus og julebakst konsumerast før 1. desember, og julefilmar var reserverte til kvar sine datoar. I år har eg hatt ein trang til å bryte med dette, utan nokon spesiell grunn. Eg trur berre eg ønskjer å nyte juletida lenger. Jula er den koselegaste tida i året, så kvifor skal vi ikkje nyte den som best vi kan? Julebrusa og julebaksten kjem i butikkane allereie i oktober. Eg elskar julebrus, så kvifor skal eg vente to månader til med å konsumere den? Nei, bånnski, seier eg berre!

Mange eg kjenner ventar til første søndag i advent med å pynte til jul, og fleire ventar lenger. Dei snakkar om å «verdsetje juletida», men når startar eigentleg denne? Advent er definert som ventetida – vi ventar på Herren som skal kome. Om ein set eit skille mellom advent og jul, startar jula i så fall ulike datoar kvart år – etter fjerde søndag i advent. For andre startar jula allereie i november når dei set opp juletreet sitt og pyntar dei første krikar og krokar med nissar og ljos. Personleg har eg ikkje sett nokon dato for når eg pyntar til jul – det skjer meir naturleg når eg føler på julestemninga, og rett og slett når eg har tid. Ikkje så veldig romantisert der altså.


Eg spurde mor og far min om dei hadde nokre tradisjonar som barn, som dei ikkje lenger praktiserer i dag. Mor mi fortalte at dei brukte å setje ut graut til Fjøsnissen. Dette er ikkje ein tradisjon eg har hatt i min barndom, men det har nok å gjere med at eg ikkje bur på ein gard. Tradisjonen står framleis sterkt her i Noreg, og det er noko eg gjerne kunne tenkt meg å oppleve sjølv. Kanskje er det ein framtidig tradisjon for min eigen familie? 


Eg har fleire i min krets som MÅ sjå Tre nøtter til Askepott på julaftan og Grevinnen og hovmesteren vesle julaftan. Kva kan eg seie… «Same procedure as every year»? 
Eg hadde nyleg ein samtale med ei som er om lag 15 år eldre enn meg. Dette var kanskje i byrjinga/midten av november, og ho fortalte at ho allereie hadde begynt å sjå ulike julekalenderseriar. Ho hadde så mange ho ønska å sjå at ho måtte byrje tidleg for å rekke over alle. Då slo det meg, kanskje for første gong, at dette var ei moglegheit. Eg har sjølv lyst å følge med på fleire kalendrar, men eg har jo ikkje tid om eg skal sjå alle på «riktig» dato. Dette er altså ein tradisjon i mitt liv som eg kjem til å bryte for første gong. Og eg skammar meg ikkje! For dette temaet om å bryte tradisjonar handlar gjerne om å skape eigne tradisjonar. 

I år har eg sett fleire skrive at «folk har brukt covid-19 som ei unnskylding til å starte jula tidlegare», men i mine auge er det ikkje behov for ei unnskylding. Eg har innsett at no når eg ikkje lenger er eit barn, bestemmer eg sjølv korleis eg ønskjer å nyte førjulstida – og når denne startar for meg. 

Mvh kvinne (24) som drikk julebrus i oktober…


Biletkjelder:
Juletre
Julegraut
Tre nøtter til Askepott


Bilde av forfatteren

Ane Olivia Uri

Ane Olivia Uri er ein stolt sunnmøring som er opptatt av rettferd og miljø. Ho er grafisk designer og fotograf, og likar generelt å vere kreativ. Ho er aktiv i lokalsamfunnet, veldig glad i kaffi, og interessert i film og TV. Ane Olivia kjem til å skrive om kreativitet, berekraft og diverse tema ho brenn for.