NAYA homepage

FRÅ SHOPPESTOPP TIL BEVISST FORBRUKAR

  • Publisert 19.01.21
  • ~
  • Ane Olivia Uri

Det treng ikkje vere vanskeleg å handle berekraftig, så lenge du er bevisst på vala du tek.

For tre år sidan avgrensa eg min eigen pengebruk på klede. Eg hadde ei garderobe full av plagg som sjeldan såg dagslys, og det var alltid dei same antrekka som vart valde ut. I dag får dei fleste kleda mine plass i ein liten kommode, medan store, bulkete klede ligg i ein bakke under senga mi. Eg har ikkje lenger shoppestopp, men eg har blitt veldig bevisst på kva eg brukar pengane mine på. Korleis gjekk eg frå shoppestopp til bevisst forbrukar?


  1. Full stopp
    I 2018 var nyttårsforsettet mitt å ikkje kjøpe eitt einaste klesplagg. Eg var student, hadde allereie eit fullt klesskap, og innsåg at eg burde bruke pengane mine smartare. Dette varte cirka tre månader, då eg gjekk inn i ein bruktbutikk og fann ei t-skjorte som var så kul at eg måtte ha den. 20 kroner fattigare kom eg opp med punkt to:
  2. Det er greit å kjøpe plagg eg elskar, og unike plagg
    Dette vart ein utruleg viktig regel for meg sjølv. Eg kunne gå inn i ein butikk og sjå på kleda utan å avgrense meg sjølv. Mote er ein måte å uttrykke seg sjølv på, og det å ha shoppestopp vart ei slags sperre for dette. Men, cluet var å gå ut av butikken utan å kjøpe noko, og om eg framleis tenkte på klesplagget fleire veker seinare, då kunne eg tillate meg sjølv å handle. 
  3. Tillet meg sjølv å kjøpe plagg eg treng
    Enkelte plagg må ein faktisk berre ha i garderoba si, som t.d. bukser. I mitt tilfelle vert buksene mine slitt etter nokre månaders bruk og vask – dei raknar i saumen på innsida av låret. Mor mi hjelper meg å bøte buksene, men det er berre så mange gonger ein kan gjere dette før ein må innsjå tapet. 
  4. Bruktbutikk er god butikk
    Eg elskar å utforske bruktbutikkar som Fretex og NMS Gjenbruk. Her kan ein med god samvit handle «nye» klede, og vite at ein har redda eit klesplagg frå søppeldynga. Og hallo, det finst SÅ mange unike plagg som du ikkje finn i kjedebutikkane! Genserar og bukser som bestemødrene våre har brukt? Yes please! T-skjorta som onkel Knut kjøpte på rockekonsert i 1984? Jaaaa! Gull, gull, gull!
  5. Gjer research på butikkar og merker
    Dei fleste butikkar som har ein policy om berekraft legg denne på nettsida si. Om du ikkje finn noko informasjon om det, så har dei mest sannsynlig ikkje gode ordningar. Eg har nytta appen Good on you ei stund no, og der finn ein ei enkel oversikt over kva som er bra og dårleg med ulike merker – dei får ei rangering mellom lågaste «We avoid» til høgaste «Great».  Etter du har brukt appen ei stund lærer du kva merker som er bra og mindre bra, og du slepp å søke opp kvar gong du vurderer eit kjøp. 
  6. Går aktivt inn for å finne etiske, berekraftige merker i min stil

Via nevnt app, Good on you, kan ein finne merker som liknar på det du har søkt opp, ofte med høgare rangering. Eg synest at denne funksjonen ikkje funkar så godt når det kjem til stilen på kleda, men heller fokuserer på verdiane til klesmerka. Eit anna triks for å finne nye merker er å sjekke ut Instagram-profilen til t.d. Naya, trykke på pila ved sidan av “Melding”, og sjekke ut profilane som vert anbefalt for deg – her kan ein finne mykje gull!

Som du ser har det vore ein del steg for å kome meg dit eg er i dag, men det har vore verdt det! Eg er mykje meir bevisst på vala eg tek i klesbutikken, og eg gjer vurderingar ved kvart plagg – har eg noko som liknar? Har eg eit antrekk som passar med dette? Klarar eg meg utan? Kjem eg til å bruke dette? 

Men! Det er nokre ting eg ikkje har nemnt enda, for eg har ikkje vore/er ikkje så flink på slikt sjølv, og det er handverk. Det er fullt mogleg å lage eigne klede, anten du syr, strikkar eller heklar. Dette gjer at du verdsett kleda dine enda meir, for du har lagt ein innsats i det sjølv. Du kan òg kjøpe klede frå vener og familie – dette vil kjennest meir spesielt ut enn å handle i kjedebutikkar. 

Lei av den t-skjorta? Upcycle! Kva kan du gjere for at den keisame t-skjorta skal passe meir til din stil? Kanskje du kan brodere på den? Bruke strykemerker? Eller kva med tie dye? Prøv å ta små grep for å tilpasse plagg til din eigen stil, og om den framleis ikkje fell i smak – doner, selg, eller gi vekk!

Det eg har innsett desse tre åra er at ein treng ikkje ha shoppestopp, så lenge ein er bevisst på kva ein brukar pengane sine på. Ta vare på kleda du har, tillat deg sjølv å kjøpe den dødskule skjorta frå Fretex, og ver kreativ!


Bilde av forfatteren

Ane Olivia Uri

Ane Olivia Uri er ein stolt sunnmøring som er opptatt av rettferd og miljø. Ho er grafisk designer og fotograf, og likar generelt å vere kreativ. Ho er aktiv i lokalsamfunnet, veldig glad i kaffi, og interessert i film og TV. Ane Olivia kjem til å skrive om kreativitet, berekraft og diverse tema ho brenn for.